STYRET FOR VEVANG PRODUKSJON AS HAR VEDTEKE FYLGJANDE VISJON FOR VEVANG PRODUKSJON AS;

"Vevang Produksjon AS skal vere ei framtidsretta attføringsverksemd som er fyrstevalet til våre tilsette og samarbeidspartar. Vi set kvalitet og arbeidsglede i fokus."

Vi ynskjer at vår kompetanse og røynsle skal vere eit verkty for kundane våre. Vevang Produksjon AS sitt mål er å skape sysselsetting for personar med nedsett arbeidsevne gjennom produksjon og sal av varer og tenester og anna verksemd.
 

 
 

Vi freistar å etterleve fylgjande verdiar:

Engasjert – vi skal vere engasjert i kvardagen til kundane og kollegane våre
Stolt – vi skal vere stolte av å jobbe på Vevang Produksjon AS og vise dette til andre menneske.
Audmjuk – vi skal vere audmjuke ovanfor andre sine meininger og kompetanse
Modig – vi skal utfordre vala i framtida, samt handlemåtar og løysingar
Involverande – vi skal lytte og involvere våre kundar og medarrbeidarar
Etikk – vi skal fylgje dei etiske normer og reglar som gjeld for bedrifta