Personvernerklæring VEVANG PRODUKSJON AS

1. Behandlingsansvarleg, ansvarleg for behandling av personopplysningar:

Vevang Produksjon AS, Nikka Vonens veg 37, 6963 Dale i Sunnfjord
Epost: post@vevangproduksjon.no
Org.nr. : NO 927 970 678

2. Føremålet med vår handsaming av personopplysningar
I samband med kundeforhold må vi innhente opplysningar som namn, adresse, epost, telefonnr, organisasjonsnummer og anna nødvendig informasjon. Dette er opplysningar vi utelukkande nyttar for å handtere ditt kundeforhold. Vi tek vare på opplysningane så lenge vi har eit kundeforhold. Du har rett til innsyn, retting og sletting av data vi har lagra om deg. Etter endt kundeforhold vil vi ta vare på data så lenge vi ser det hensiktsmessig for å hjelpe deg med eventuell historikk om du skulle ha behov for det.

3. Rettsleg grunnlag
Vi handsamar personopplysningar med heimel i Personvernforordningen art. 6. Dersom du er kunde hos oss handsamar vi dine personopplysningar med heimel i art. 6 1. b): behandlinga er nødvendig for å oppfylle ei avtale.

4. Utlevering av personopplysningar til tredjepart
Utlevering av personopplysningar vil ikkje skje, med mindre det føreligg lovbestemt opplysningsplikt ovanfor offentlege myndigheiter.

5. Kva slags personopplysningar vert handsama?
I våre kunderegister lagrar vi normalt namn, fødselsdato, bustadadresse, epostadresse og telefonnummer. Vi lagrar informasjon om tenester og produkt du har kjøpt hos oss.

Dette er informasjon vi treng for å kunne oppfylle vår avtale med deg, administrere ditt kundeforhold, levere og fakturere produkt og tenester korrekt. Informasjonen blir lagra i vårt kundesystem så lenge det er tenleg for oss. Vi etterstrebar å ikkje ta vare på dine detaljar lenger enn nødvendig.

6. Informasjon gitt via kommunikasjon med oss
Vi lagrar opplysningar gitt via din kommunikasjon med oss. Dette er t.d. e-postar du sender oss og problem du rapporterar inn. Vi lagrar denne informasjonen for å gje deg best muleg service når du kontakter oss ved at vi kjenner historikken i ditt kundeforhold. Det er heilt frivillig å gje ifrå seg opplysningar til oss.

7. Sikring av personopplysningar
Personopplysningar som vert lagra hos oss er lagra innafor sikre soner i våre datasystem. Alle PC-ar er sikra med passord, uvedkommande skal ikkje kunne hente ut personopplysningar frå oss.

8. Innsyn, retting og sletting av personinformasjon
Etter personopplysningsloven § 18 har du som privatperson krav på innsyn i dei opplysningar som er registrert om deg. Innsyn kan ein få ved å henvende seg til Vevang Produksjon på epost: post@vevangproduksjon.no. Dersom registrerte opplysningar er uriktige, ufullstendige eller du ønskjer å slette dine opplysningar, kan ein krevje dette i henhold til personopplysningsloven § 27.

9. Ansvarleg databehandlar
Dagleg leiar i Vevang Produksjon as er ansvarleg for handsaming av personopplysningar. Vedkommande er ansvarleg for at det vert gjennomført internkontrollar med omsyn til behandling av personopplysningar, og at evt. avvik frå gjeldande lovverk blir meldt inn og retta. Vi etterstrebar til einkvar tid å følgje gjeldande regelverk for personvern.