Vevang Produksjon skal vere leiande og framtidsretta innan arbeidsrelatert opplæring og arbeidsinkludering i HAFS regionen.
Vevang Produksjon AS er eit kommunalt eigd aksjeselskap, eigd av Fjaler kommune og vart skipa i 1990.
Vi leverer arbeidsretta tiltak på oppdrag frå NAV innan attføring, sysselsetting og rekruttering.
Vevang Produksjon leverer arbeidsretta tiltak på oppdrag frå NAV innan attføring, sysselsetting og rekruttering.
Visjon: Vi står for arbeidsglede, inkludering og meistring.
Kvalitet: Kvalitet på våre tenester er ein føresetnad for at våre samarbeidspartnarar og kundar skal ha tillit til oss.
ISO-sertifisert
Vevang Produksjon vart ISO-sertifisert i 2016 for produksjon/leveranse av tenester til NAV og andre kundar innan arbeid, velferd, inkludering, kartlegging og kompetansebygging og framstilling av tenester og produkt.
Det betyr at vårt kvalitetsystem møter samtlege krav standarden stiller og at vi jobbar kontinuerleg med forbetring.
NVK–sertifisering
Vaskeriet i Vevang Produksjon er sertifisert i NVK, Norske Vaskeriers Kvalitetstilsyn. NVK er med å kontrollere og sikre at vaskeriet til ei kvar tid følgjer gjeldande bransjestandard. Bransjestandarden er med å trygge smittevernet for vaskeri som behandlar tekstiler for helseinstitusjonar.