
Kva er Vevang Produksjon?Vevang Produksjon AS er ei vekstbedrift for arbeidstakarar som treng tilrettelegging i arbeidslivet.
Verksemda vart skipa i 1990 som ei produksjonsretta verksemd VTA
(varig tilrettelagt arbeid)
og utvida med AFT avdeling (arbeidsførebuande trening) 1. oktober 1994.
Vi leverer 2 typar tenester til NAV og kommune:

VTA
Vevang Produksjon AS, VTA skal skape varige arbeidsplassar for arbeidstakarar som treng ein tilrettelagt arbeidsplass.

AFT
AFT er eit arbeidsmarknadstiltak som skal bidra til å avklare deltakaren sitt høve til å komme inn på den ordinære arbeidsmarknaden.
Kven kan søkje plass ved Vevang Produksjon AS ?
• Personar som ikkje får ordinært arbeid og som har rett til uføretrygd.
• Personar som har fått si arbeidsevne nedsett og som treng hjelp til å komme tilbake i jobb eller utdanning.
Tilbodet er til alle aldersgrupper opp til pensjonsalder.

Kva tiltak høver for den enkelte ?
Det lokale NAV-kontoret gir råd om kva tiltak som kan vere aktuelle for den einskilde arbeidssøkjar.