Vi har samarbeid med Dale vidaregåande skule og fleire grunnskular i nærområdet om tilpassa opplæring slik at elevar med behov for tilrettelegging skal oppleve auka læringsutbytte.
Vi nyttar interne og eksterne arbeidsarena i den praktiske opplæringa. Å få delta i og oppleve eit mangfaldig arbeidsmiljø er eit viktig aspekt av den tilrettelagde opplæringa. Vevang produksjon skal vere ein trygg lærestad der elevar som gjerne sjølv har erfart utestenging og mangel på aksept skal få oppleve tilhøyrsle og meistring.
I samsvar med individuelle behov vil Vevang produksjon kunne knyte praktiske oppgåver opp mot teoretiske læringsmål.