Arbeidsforberedende trening er eit tilbod for deg som treng å jobbe i eit tilrettelagt arbeidsmiljø før du startar arbeidstrening i ei vanleg bedrift.
Målgruppe
Er aktuelt for arbeidssøkarar som treng å finne ut av og styrke moglegheitene sine på arbeidsmarkedet for å komme i jobb og utdanning.
Kva kan vi tilby?
- Kartlegging av ressursar og behov
- Karriererettleiing og hjelp til å sjå moglegheiter på arbeidsmarknaden
- Rettleiing i jobbsøkarprosessen – cv, søknad, intervju
- Arbeidsutprøving internt og/eller i ordinær bedrift med arbeidsoppgåver som er relevante for mål om arbeid
- Informasjon om og hjelp til å søkje på aktuell utdanning
- Opplæring og trening i det som er nødvendig for å meistre ein jobb eller utdanning
Korleis får du plass?
NAV-rettleiar vurderer om AFT er rett tiltak og søkjer om plass. Vi har 7 plassar i AFT-tiltaket.