AFT

 

Vevang Produksjon AS har 7 plassar i AFT-tiltaket.
AFT er eit arbeidsmarknadstiltak som skal bidra til å avklare deltakaren sitt høve til å komme inn på den ordinære arbeidsmarknaden. Gjennom tiltaksperioden skal deltakaren få styrka sjansane sine til å komme i arbeid eller utdanning. 

Deltakarane på AFT får tilrettelagt arbeidspraksis i vår og i ekstern bedrift.
Våre rettleiarar vil gje deg opplæring og trening i arbeidet alt etter dine ynskjer og behov.
Vi er spesielt opptekne av å finne kva du likar og trivast med, kva du får til og kva du kan utvikle deg vidare på. 

 All innsøking til tiltaket skjer gjennom NAV.
Medan deltakaren er i tiltaket vert det samarbeidd tett med NAV og andre oppfølgingsinstansar.